onsdag 22. august 2007

22.august 2007

Frå no av kjem "utviklinga i tekst og bilete" til å stå på denne sida.

Det er no lenge sidan det har kome noko oppdatering på denne sida.
det kjem av at det har vore svært liten utvikling på byggjefronten dei to siste månadane.
Men no har det endeleg byrja skje noko.

Vår kjære kommune har ikkje byrja behandla byggjesøknaden før i går. Ho som er sakshandsamar har påstått at ho ikkje har fått denne sjølv om Senterbygg har kvittering på at denne er sendt for lengst. Det endte med at dei vart naudtt til å senda denne på nytt.

Me fann ut dette i byrjinga av august og har stressa med å få fatt i sakshandsamaren vår sidan.
Det er heilt utruleg kor mykje ferie,avspasering og permisjon eit menneske kan ha på så "kort" tid.

Gamlebesten og eg prøvde å lage eit bål og brenne opp trea og buskane eg sagde ned for lenge sidan, men det har regna alt for mykje og alt for lenge har ute til at det vart noko bål av det.

Me får berre kryssa fingrane og håpa at det vert litt fortgang i prosessen no.

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden

ByggeBolig.no