søndag 21. februar 2010

21. februar 2010 Ferdigattest

Lenge sidan siste innlegg no. Har rett og slett ikkje gidda å prøva å legge inn noko med kun mobilt treigband.

No er det heldigvis vorte andre bollar.

Me har budd i huset i ca. eit halvt år no og me trives kjempegodt.
Ferdigattesten fekk me i slutten av januar etter ein del att og fram med kommune og entrepenør.

Skal leggja ut litt bilete snart.

lørdag 27. juni 2009

27.juni, Snart ferdig!!!!

Det nærmar seg slutten på bygginga, heldigvis! Dei siste vekene har gått med til intens jobbing med huset. Så no er alle golva ferdig (parkett i stova/kjøken, begge soveromma og belegg i hall og gang. I leiligheten nede har me lagt laminatgolvet(pergo skipsplank).

Tømrarane er 99% ferdig i hovudetasjen(manglar ei dør og nokre få meter med lister). I leiligheten skulle dei gjere seg ferdig på mandag. Trappa skal koma i neste veke og det skal vera overtakelse i slutten av veka.



Fredagen gjekk med til fuging av bad, WC og vaskerommet. Røyrleggarane ville koma på mandag, eller tysdag og gjere ferdig sitt arbeid.



Det som gjenstår for oss er litt fuging i hovudetasjen, montera kjøkken oppe og nede, male teknisk rom og ein bod og ta nederste rad med fliser på bedet i

Hallen.

Golv i leiligheten.


Parkett i stova, Eik Colorado.



tirsdag 9. juni 2009

No holder tømrarane på å legge ut Silencioplater, sette inn foringar og liste hovudetasjen.
Entrepenøren er og gjer seg ferdig med tomta.
Svigermor maler i kjellarleiligheten.

Silencio
Ventilasjonsaggregatet. Røra skal kassast inn.

Karnappen ferdig lista.


Spisestove.



Grøft til Vant og avløp. Mold dratt opp i skråninga.




Huset sett frå neset ved sjøen.





mandag 1. juni 2009

1.juni. Hovudetasjen ferdig malt o.l.


Då var hovudetasjen klar til at tømrarane kan setje inn dørar, foringar, lister og leggje trinnlydsplater.

Dei siste 14 dagane har vore eit hardkjør utan like, men no har me fått lagt alle flisene og fuga desse( manglar kun silikonfuger). Alle tak og veggar er malt og veggane i hallen og vindfanget har fått smartpanel.


Me har vore og kjøpt kjøken, desse vert levert 17.juni. Me har og kjøpt gulv på Gulvspesialisten, det vart 1-stavs eik.


Entrepenøren som har hatt tomta skal kome i morgon med gravemaskin og gjera seg ferdig.

Ellers vert det nesten lika mykje stress dei neste 14 dagane fordi me må få klar leiligheten i kjellaren. Dette sjølvsagt kombinert med jobbeperiode.


Stove og kjøken


Vaskeromsgolv, "up-close", men ikkje ferdig vaska.







Hallen mot vindfanget.


Karnappen og litt av ovnen og pipa. Småen måtte vera med litt og.


Smartpanel.



Karnappen nesten ferdigmalt.



Walk-in, mellom stova og soverommet vårt.
Soverommet.






mandag 4. mai 2009

04. mai. Bad, vaskerom og pipe.

No har det skjedd mykje dei siste 14 dagane. Alle veggane og taket i stova/ kjøkenet er sparkla eitt strøk.( ein del har fått 2. strøket. Noko mor fekk gjort mellom matlaging og amming:-).

Varmekablane var elektrikaren og la natt? til forrige tysdag. Sprø mann som irriterar vettet av tømrarane. Måndag formiddag kom dei og støypte badegolv og vaskeromsgolv. På onsdag byrja me å smøre membran på litexveggane.

Svigerfar og svoger kom på torsdagskvelden for å flislegge desse romma. Det gjekk litt tid på fredagen for å gjere oss klare+ diverse tenking og planlegging. Heile helga fram til kl. 2000 på sundag gjekk med til dette. Resten skal gjerast i slutten av mai når betongen er tørr nok.

Pipa vart grisefin etter pussinga.

Varmekablar på masterboard.

Svoger/bror/hip-hop onkel klar til innsats på vaskerommet.

baderomsveggar klare til fliselgging.

Ferdig med mesteparten av veggane. Flisene er marmor( Silver botticino).

Onkel i full fres med fuging på vaskerommet.

fredag 10. april 2009

Meir bilete+ sparkling

Her kjem litt meir bilete.
Fekk såvidt begynt å sparkla litt i går. Aldri gjort det før, men det skal nok gå fint. Sparkel på veggen ved spisekroken.
spisekrok

Pipa i solskinnet. Dette var før beslaget var kome på.


Småen sitt rom. Feil lister og dørar. Var visst noko han som tok fagprøven brukte.



Det eine fordelarskapet til vatnet. Er eit til skap med litegrann færre røyr.





Røyr og atter røyr.




lørdag 4. april 2009

04. april. Ferdig utvendig, plating innvendig.

No er huset ferdig utvendig, det manglar berre rekkverk på terassen.
Inne har både elektrikaren og røyrleggarane holdt på heile veka. Det ser ut som om dei har fått det meste på plass. Røyrleggarane har iallefall fått på plass alle røyr, boksar og begge skapa. Elektrikaren må leggje ut varmekablar i hovudetasjen( bad, wc og vaskerom) og montere skapa i teknisk rom.
Pipa kom på mandag og var ferdig montert på tysdag. dei skal montere beslag over tak og pusse resten av den.
Rommet til småen er ferdig plata (ein som hadde fagprøven sin der), ellers er dei ferdig å plate matboden og halveis ferdig i resten av etasjen. Neste veke skal dei montere litexen og plate ferdig hovudetasjen.
Meir bilete kjem når me ikkje må bruke mobilt breiband.

Småen inspiserar gipsplatene.

Kjøkenet rett før plating.

Eit virvar av vassrøyr og el-rør.


1,5 tonn med marmorfliser til badet vårt.


ByggeBolig.no