søndag 28. september 2008

28.september, Ein oppdatering

No har det skjedd mykje sidan sist. Men... ikkje nok synest me. Entrepenøren er ferdig med planering av tomta og no venter me berre på at dei skal lage grunnmuren vår. Unnskyldinga no er at det ikkje er nok ledige forskalingskassettar.

Me har og vore i trekantmøte med Norrøna hus (vart egentleg tokantmøte, eller strek som eg likar å kalla det.) der vart dei siste endringane gjennomgått. Det vart berre små forandringar frå den opprinnelege planen.

Me satsar på at muren kjem i løpet av denne månaden iallefall.


Hagen vert kjempestor( det er endo flatare enn på desse bileta)

ByggeBolig.no