onsdag 20. august 2008

20. august. Meir graving og planering gitt!

Her ute i havgapet går det på fram (ikkje fort nok!!!). Entrepenøren har folk på tomta og grev kvar einaste dag, men det er mykje masse som skal flyttast før dei kan byrje på muren.
No snakka eg med sjefen sjølv idag og han meiner at muren skal vera klar om 2-3 veker.
Me fekk septiktanken levert for 2 dagar sida og i morgon skal eg i møte med røyrleggar for å planleggja botnleidningar.

Vegen vart nesten ferdig i ettermiddag. Her står eg oppå fjellet av sprengstein og ser ned på tomta.

Søndre hjørnet av huset kjem omtrent der som gravemaskinen står.

onsdag 6. august 2008

6.August, Graving og planering

No har me vore på ferie i 14 dagar medan gjengen har vore og arbeidd på tomta. Me fekk daglege oppdateringar frå gamlebesten på telefonen kvar dag. Dei vart ferdig med sprenginga i byrjinga på forrige veke og etter dette har dei grave og planert.

Her kjem vegen ned frå fellesvegen.

Her er innkjørselen frå vegen.

Kjellaretasjen kjem på omtrent med nivå med der gravemaskinen står på dette biletet.

Enorme mengder stein!!!!.
Dei fyller fram steinen her på framsida.

Eg spurde han som graver kor lang tid han kom til å bruka før han er ferdig med gravinga. Det kunne han ikkje svara på, men han syntes han grov og grov utan at det minkar på steinhaugen.
(han meinte det var ca. 5000 m3 med sprengstein).
Dagens inspeksjon viste at det var minka masse så me får håpa at han vert ferdig i løpet av veka.

ByggeBolig.no