fredag 25. april 2008

25. April, Ny kontrakt underteikna.

I dag har me skrevet under på ny kontrakt.

Me fekk eit tilbod frå Norrøna hus på Ågotnes som var så bra at me ikkje kunne seia nei til dette.
Så idag klokka 10 drog me inn der i møte med selgaren deira. Me gjekk igjennom heile leveransebeskrivelsen og gjorde dei endringane me hadde vorte einige om. Då me var fornøgde skreiv me under på kontrakten og fekk blomar hjå dei.

Me fekk med gavlsteinar på taket (i staden for berre skier), litex på alle bad og vaskerom, konemor si kvitmalte trapp +++.


No har me 90 dagar på å få klar grunnmuren, og etter den er klar har dei 240 dagar på seg å gjera ferdig huset. Så i mars neste år må vel huset vera ferdig.

Det skal verta deilig å endeleg sjå litt framgang, og ikkje minst kunna leggja ut nokre bilete frå prosessen og ikkje berre av ei tomt det ikkje skjer noko med.

torsdag 17. april 2008

17.april . Fordømte entrepenør

Ringte til han som skulle grava og sprenga ut tomta vår. Sist me snakka med han sa han at han var klar i slutten av mai (frå rett etter påske), no kunne han ikkje starta før etter sommarferien.

Helsiken heller! Eg ringte til eit anna firma som skal komma på befaring i morgon. Håpar dei kan byrje tidlegare.

Det er visst ein ting me skal lære gjennom husbyggeprosjektet og det er at det er umogleg å stola på nokon.

Har og snakka med kommunen idag, og der sa dei at det ikkje var noko problem med å få forandra ansvarleg søkjar og slikt i byggjeløyvet.

Måtte og skriva klage på naboen sitt nabovarsel på ei flytebrygge som ligg i vegen for oss.

Kan verta utslitt av mindre, puh!!

onsdag 16. april 2008

16.april. Endeleg litt gode nyhende.

Me var veldig utafor då me fann ut at Senterbygg var gått konkurs og ingen skulle byggja huset vårt, men.... det er tydelegvis noko av det beste som kunne hendt oss.

Me har gått runden til ein del forskjellige byggjefirma og no har me fått fyrste tilbodet.
Det er heilt utruleg, men prisen har gått ned med over 400k + at då skal huset væra klart til maling/tapetesering og leggjing av parkett. I den forrige kontrakten vår var det avtalt at me skulle innreda heile hovudetasjen sjølv. Dersom SB skulle gjort det hadde forskjellen vore på over 800k. Det vert spanande å sjå tilboda frå dei andre no.

Dessuten fekk me sjå standardleveransen til dei me har fått tilbod frå, og alt er berre utruleg mykje betre og meir grundig beskrevet enn det forrige.

Det er nesten som eg gledar meg til å ringja til dama vår i bankjen.


Eg vart rett og slett så glad at eg må visa nokre bilete frå tomta.

Dette er utsikten sånn ca. frå loftsterrassen. Me ser rett over til han i Vikje som leiger ut til tyskerar. (Han har laga det veldig fint til der borte. Og tyskerane er veldig fredelege folk)

Dette vert utsikta nordover frå hagen vår.
Her ser me sørover og ut straumen til havet.
Dette vert utsikta på vestsida av huset. Dette er 70 mål utemark som me kjem til å ha villsau gåande på med tid og stunder.

Her er bilete frå omtrent der som framsida av kjellaren kjem. Det er ca. 60 meter ned til sjøen.
Me får litt hage, men det får vera "naturtomt" ei stund til.









søndag 6. april 2008

06.april 2008

På tide med litt oppdatering igjen. Som tidlegare nevnt er Senterbygg gått konkurs og me sit utan nokon til å byggja huset vårt. Eg har snakka med bostyrar nokre gongar og fekk kjøpt ut teikningar og byggjeprosjekt frå boet, til ein god pris.

Me har vore hos 5 forskjellige byggefirma for å få pristilbod. Dei er alle mykje meir imøtekomande i år i forhold til i fjor. Og alle kan begynna å byggja nesten med ein gong. I fjor så hadde dei ventetid på 8-10 månadar før dei kunne byrja.

Det merkast godt at det er mykje mindre arbeid for dei no. Kanskje det ikkje er så gale at senterbygg gjekk konkurs allikavel. Får håpa konkurransen gjenspeilar seg i pristilboda og.

Entrepenøren som skal sprengja kan visst ikkje byrja før slutten av mai, så boksen med tålmodighet må visst stå framme enno.

No får me berre venta på pristilbod frå dei forskjellig før me kan ta ei avgjerd på kven som får byggja huset for oss.

ByggeBolig.no