06.april 2008
På tide med litt oppdatering igjen. Som tidlegare nevnt er Senterbygg gått konkurs og me sit utan nokon til å byggja huset vårt. Eg har snakka med bostyrar nokre gongar og fekk kjøpt ut teikningar og byggjeprosjekt frå boet, til ein god pris.
Me har vore hos 5 forskjellige byggefirma for å få pristilbod. Dei er alle mykje meir imøtekomande i år i forhold til i fjor. Og alle kan begynna å byggja nesten med ein gong. I fjor så hadde dei ventetid på 8-10 månadar før dei kunne byrja.
Det merkast godt at det er mykje mindre arbeid for dei no. Kanskje det ikkje er så gale at senterbygg gjekk konkurs allikavel. Får håpa konkurransen gjenspeilar seg i pristilboda og.
Entrepenøren som skal sprengja kan visst ikkje byrja før slutten av mai, så boksen med tålmodighet må visst stå framme enno.
No får me berre venta på pristilbod frå dei forskjellig før me kan ta ei avgjerd på kven som får byggja huset for oss.

0 Kommentarer:
Legg inn en kommentar
Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]
<< Startsiden