fredag 15. februar 2008

15. februar 2008

Utsleppsløyve

Idag fekk me brev frå havnevesenet. Me får utsleppsløyve. Så no er det berre å venta på resten av papira frå sakshandsamaren i kommunen. Byggmeister har snakka med ho og ho seier at alt er klart, men ho venta på det same brevet frå havnevesenet før ho kunne senda ut byggjeløyvet.

Det er berre heilt usannsynlig kor mykje byråkrati det går ann å laga for noko så enkelt.

Me har funne ut at me har fleire offentlige månadsverk på samvittigheten, og fleire skal det sikkert verta. Viktig å sysselsetja våre kjære byråkratar, ha ha.

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden

ByggeBolig.no