onsdag 17. oktober 2007

17. oktober

Litt informasjon frå kommunen!

Idag sendte eg ein mail til saksbehandlaren vår i kommunen. det har gått seks veker sidan ho offisielt mottok byggjesøknaden vår.
Ho svarte at ho har sendt ei liste over manglar i søknaden til Senterbygg.
Det manglar:
- Situasjonsplan i målestokk 1:500 der parkering er inteikna, pluss terrengprofilar.
- Løyve til tilkopling til privat avlaupsanlegg og utsleppsløyve, samt løyve til å nytta privat veg og avkøyrselløyve til kommunal veg.
- Informasjon om kor ein har tenkt å kopla oss til offentleg vatn.
- Informasjon om høgpentledningen som går over tomta, om det er avklart med BKK.


Me vert nok naudtt til å kontakta Senterbygg for å få dei til å ordna dette.

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden

ByggeBolig.no