mandag 29. desember 2008

29.Desember, materialane er kome.

No kom materialane, endeleg...

Me fekk ikkje dratt ut for å sjå på, men oldebesten hadde som vanleg full kontroll.

Grusinga som entrepenøren hadde gjort var OK, men kunne vore betre.

Materialar (berre litt av dei)
Vegen og framsida ferdig grusa.

Arbeidsbrakke på plass.


mandag 1. desember 2008

1.Desember. Muren er klar.






No fekk me endeleg beskjed om at muren er klar for tømrarane. Dei gjorde seg ferdig med inntilfylling av muren på fredag. Byggjeledar var ute for å kontrollmåle muren, men han hadde gløymt å ta med seg gardintrapp (var visst så dårlig i ryggen at han tok ikkje på tak med balansering på muren), men han meinte det såg bra ut. Han skal koma ut i morgon, eller på torsdag for å måle. Entrepenøren skal gruse skikelig i vegen og rundt huset i dag, eller i morgon.

Muren fyllt inntil.Vegen og støttemur.

ByggeBolig.no