fredag 13. mars 2009

13. mars. Finstøyp og anna.

No har me endeleg fått finstøypen på kjellargolvet ( etter litt kjefting og truging). Det kom to karar på tysdag og støypte golvet og haldt på med glatting til kl. 1900 på kvelden.
Tømrarane er nesten ferdige med all kledning, manglar berre litt "pynt". Dei er ikkje heilt ferdig med taksteinen heller, men det nærmar seg.
Ventilasjonsanlegget er kome (Villavent VR700-EV), men ikkje montert enno.
Røyrleggaren ringte idag morges og sa han skulle starta med sitt arbeid.
Ellers var me på Jernia og skulle kjøpa maling (Kjøp 3, betal for to varer tilbod denne veka), men luringane hadde berre 2 spann av kvar type maling.



Golvet i leiligheten. Vatna det med hagekanna til Gamlebesten.







Golvet i vår kjellar.



Ventilasjonsanlegget.












0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden

ByggeBolig.no