fredag 10. april 2009

Meir bilete+ sparkling

Her kjem litt meir bilete.
Fekk såvidt begynt å sparkla litt i går. Aldri gjort det før, men det skal nok gå fint. Sparkel på veggen ved spisekroken.
spisekrok

Pipa i solskinnet. Dette var før beslaget var kome på.


Småen sitt rom. Feil lister og dørar. Var visst noko han som tok fagprøven brukte.



Det eine fordelarskapet til vatnet. Er eit til skap med litegrann færre røyr.





Røyr og atter røyr.




lørdag 4. april 2009

04. april. Ferdig utvendig, plating innvendig.

No er huset ferdig utvendig, det manglar berre rekkverk på terassen.
Inne har både elektrikaren og røyrleggarane holdt på heile veka. Det ser ut som om dei har fått det meste på plass. Røyrleggarane har iallefall fått på plass alle røyr, boksar og begge skapa. Elektrikaren må leggje ut varmekablar i hovudetasjen( bad, wc og vaskerom) og montere skapa i teknisk rom.
Pipa kom på mandag og var ferdig montert på tysdag. dei skal montere beslag over tak og pusse resten av den.
Rommet til småen er ferdig plata (ein som hadde fagprøven sin der), ellers er dei ferdig å plate matboden og halveis ferdig i resten av etasjen. Neste veke skal dei montere litexen og plate ferdig hovudetasjen.
Meir bilete kjem når me ikkje må bruke mobilt breiband.

Småen inspiserar gipsplatene.

Kjøkenet rett før plating.

Eit virvar av vassrøyr og el-rør.


1,5 tonn med marmorfliser til badet vårt.


ByggeBolig.no