onsdag 28. januar 2009

28.januar 2009, Det går på fram

Det går framover med huset. No er det klart for å legge sutak og å kle veggane.
Idag er det drittvèr så tømrarane held mest på i leiligheten i kjellaren.

Var ute og rydda parkeringsplassen på oppsida av vegen for store steinar slik at me kan parkera der no. Skal og byrje å gjera klart for å støype fundament til eit gjerde mot naboen.
Litt meir ferdig.

Her skal det koma eit bad etterkvart.

fredag 23. januar 2009

23.januar. Meir golv og veggar

Det går framover med huset. Denne veka har dei lagt golvet på loftet, golv på terrassen, fått opp sperrene til arkane og byrja med utvendig plating. Terrassen.

Utsikt frå vindfanget og inn i stova.


Loftet.



Framsida.




torsdag 15. januar 2009

15. januar 2009, Huset reiser seg.

No har det skjedd mykje dei siste dagane. Alle bereveggane og mesteparten av takstolane er på plass. Berre arkane som gjenstår. Det var godt og sjå korleis det vert.

Dei snakkar om at huset vert tett i løpet av neste veka. Då vert det vel ei god stund med tørking.

No er det grisekaldt her ute (ca. 0 grader) og dei melder storm (kanskje) i kveld.






lørdag 10. januar 2009

10.januar, Bjelkelag

Denne veka fekk tømrarane bjelkelaget og golvet på plass i fyrsteetasjen. Siste del av fredagen måtte dei bruka til å pakke inn og sikre materialane før stormen som skal koma i helga.

Ellers var det folk og flytta på noko stein på framsida slik at det vert plass for semitrailaren å snu når dei kjem med takstolane.

Slik ser golvet ut.

Bjelkelaget sett frå kjellaren, og jerndragarane.






fredag 2. januar 2009

02.Januar. Nytt år og tømrarane har begynt.

Det måtte altså verta år 2009 før tømmerarbeidet byrja. Bedre seint enn aldri.
Oldebesten ringte i formiddag for å sei at dei var på tomta og jobba.

Dei fekk satt opp stillas rundt huset og lagt ut og festa rama på toppen av grunnmuren idag, ellers trur eg ikkje dei fekk gjort meir.

Veret var iskaldt (-1) og det begynte såvidt å snø då eg drog derifrå.

ByggeBolig.no