lørdag 28. juni 2008

28.juni. Planane framover.

No den siste veka har det skjedd mykje. Både Norrøna og Harkestad har fått i orden ansvarsretten hos kommunen (som selvfølgeleg skulle bruka vekesvis på å godkjenne desse).

Me var i banken igjen og fekk ordna lånet (måtte berre signera på litt papir), og bytta til Frende forsikring etter mykje mas frå bankdama.

På torsdag var entrepenøren borte på tomta og målte opp og merka kor det skal gravast og sprengast. Me kjem til å få ein stor og god innkjørsel og masse plass både foran og bak huset.

På mandag skal han koma med gravemaskinen, men det er ikkje sikkert om han som skal grava kjem før nokre dagar etterpå?. Men han skal iallefall grave, sprenge og planere tomta i mens dei andre har sommarferie, slik at dei kan begynne med muren rett etterpå.

Det skal bli utruleg deilig å sjå at noko skjer borte på tomta, det har vore dritkjedeleg å skriva nye innlegg i bloggen uten at det har skjedd ein "pøkk" der borte, men no satsar me på meir innhald i denne.

ByggeBolig.no