søndag 30. desember 2007

30. desember 2007

GODKJENDT!

Eg gjekk inn på kommunen sine sider i romjula for å sjekke om det var noko nytt.
Gjett kva; Søknad om løyve til bustad er godkjendt!!!!

Det betyr at byggmeisteren har 200 dagar på seg frå no til å gjera ferdig huset.
Så då er dei ferdig uti juni, og me må vel verta ferdig med det me skal gjera kort tid etter.

Dette var iallefall gode nyhende til nyttår.

lørdag 22. desember 2007

22.desember 2007

SØKNADEN SENDT

Endeleg er søknaden sendt inn igjen. Eg måtte opp til Senterbygg i går for å skrive under på eit papir i forbindelse med kloakken.

Det er visst meininga at me må ha kloakkledning ut i sundet, sikkert over 100 m, men det kan henda me slepp.

Ellers har dei funne ut at vegen ned til framsida av huset må liggja på sørsida i staden for nordsida. Det vart altfor bratt der me trudde det var best.

Dei meinar no det ikkje skal gå meir enn ca. 3 veker å behandla søknaden. Dersom dei ikkje var sikre på dette med kloakken må saken opp i byggjesaksnemnda som skal ha møte i midten av januar og byrjinga av februar.

Får håpe det ikkje tek så altfor lang tid.

tirsdag 18. desember 2007

18. desember

Tid for litt nytt!

Tenkte at det kunne vera på tide med litt nytt i prosjekt draumehus.

Egentleg er det ikkje så mykje nytt å seie. Byggmeisteren seier han skal få sendt inn det siste so manglar til kommunen. Dei seier det einaste som manglar no er noko angåande kloakken og vatnet. Røyrleggjaren har visst ikkje funne heilt ut av det enno. Trudde det var dette dei haldt på med eg.

Vår nye mann hos Senterbygg sa til meg sist eg snakka med han på telefonen at det kanskje kunne verta sprenging i midten av januar!!! Jippi!!

Dette er det mest konkrete me har fått utav dei sia me starta dette prosjektet.

Håpar det er hold i desse orda...

ByggeBolig.no