Draumehuset
Ein blogg om husbygginga vår i Øygarden. Besøk og heimesida vår: http://home.online.no/~nil-ko
onsdag 25. februar 2009
søndag 15. februar 2009
15.januar, huset er tett.
På onsdag fekk dei lagt på siste del av Ventexduken på taket og satt inn resten av vindauge og dører i hovudetasjen og loftet. På fredag hadde dei såvidt begynt på kledningen (3 bord på framsida). Me var ute på torsdag og fekk spadd ut snøen!!! som hadde lagt seg inne før taket var tett.
I veka som kjem skal kjellargolvet isolerast og finstøypast. Røyrleggaren må visst flytte eit rør nokre centimeter på badet som skal koma i kjellaren. Pipa skal forresten snart på plass og. Vedovnen me har kjøpt byrjar sikkert å verta lei av å stå på lager hos Sigurd Ziem.

onsdag 4. februar 2009






