lørdag 15. mars 2008

15. mars 2008

Bomba har gått av!!!!!

No trudde me det endeleg skulle skje noko. Me fekk byggjeløyve i posten, alt var godkjendt og dei skulle byrja å byggja kva tid som helst.

Eg prøvde å ringa til byggmester for å få veta kva tid dei skulle starta. Då fekk eg berre kontakt med ein mann som eg aldri har truffet på før. Alt han sa var at han som me hadde snakka med før hadde slutta, og at han skulle ringa meg tilbake med meir informasjon.

Konemor tulla og sa at dei sikkert er gått konkurs, ha ha.

Etterkvart byrja eg å ane ugler i mosen. Eg køyrte opp til kontoret deira, der så det ut som dei berre hadde sluppe alt og gått.

Då ringte eg han som me hadde hatt kontakt med før. Fyrst ville han ikkje sei noko, men etter kvart som eg masa på han sa han at dei kom til å slå seg konkurs dagen etterpå (der gjekk bomba av!!!).

Kva skulle me gjera no?

Han sa at han og nokre andre ville starta opp eit eget firma, og dei var veeeldig interessert i å byggja huset vårt.

Me fekk litt panikk, men me har fått samla tankane og har vore i møte med fire andre firma for å få pristilbod. Me skulle få desse etter påske.

Han som skal grave og sprenge er klar etter påske. Han har heldigvis ingenting med konkursen å gjere.

Me får berre håpe alt ordnar seg og me får oss hus før jul iallefall.

ByggeBolig.no