lørdag 25. oktober 2008

25.oktober, Action i havgapet

I dag har det verkeleg foregått uti havgapet. Klokka 11 i føremiddag ringte gamlebesten til oss med panikk i stemma; Septikktanken har blåst overende og ligg i vegen bort til Malvin.

Me vart sjølvsagt kjempestressa og fekk både Svigermor og onkel med oss utover for å redda tanken. Vel ute såg me at tanken hadde blåst så den låg oppned i vegen. Heldigvis var den ikkje så tung så onkel, svigermor og eg fekk flytta den i sikkerhet igjen og bardunert den fast.

Så langt alt vel og heile gjengen drog innover igjen for eg skulle selga Caravellen i eitt tida.
Så medan eg satt i bilen og forhandla med kjøparen ringte gamlebesten ein gong til med enno meir panikk i stemma; Eg har krasja bilen og treng hjelp med å få den heim.

Så det var berre å gjera seg ferdig med bilsalget og hiva seg avgårde utover igjen. Då me kom ut satt gamlefar i bilen som var godt knust i fronten og med begge framhjula punktert. Me fekk bytta hjula og køyrt bilen heim i garasjen igjen på eit vis, i 40km/t i frykt for at heilde driten skulle ramla frå kvarandre.

Så me var heima i 17 tida og fekk endeleg første måltid etter frukost i oss. Resten av kvelden skal tilbringast innomhus trygg for storm og regn.

Grunnmuren er enno eit steg nærare ferdigstillelse, forskalingssnekkaren har heldigvis sikra forskalingane godt mot vinden.

torsdag 16. oktober 2008

16. oktober, Grunnmur

No er det stor framgang på tomta vår. På mandag støpte dei fyrste delen av grunnmuren, dvs. der som leiligheten kjem. På tysdag då me var ute hadde dei nett revet forskalingane så me fekk sett resultatet( Flott).


Idag var me ute og sjekka framgangen og dei hadde fått forskala mesteparten av resten på utsida. Det er berre ein mann som held på så det går noko seint.
Sørveggen der leiligheten kjem.
Her vert baksida som det skal fyllast inntil.
Framsida
Inni leiligheten.

torsdag 9. oktober 2008

09. oktober, Forskaling!!

På mandag kom dei endeleg og starta med å leggje ut ramma og forskala. Det var på tide.

Me har ikkje kome oss ut for å sjekke framgangen sidan tysdags ettermiddag, men gamlebesten har høyrt dei halde på der borte. Sjefen deira ringte meg på tysdag og lurte på kva tid me skulle få byggjestraum, då det var så mørkt når folka hans kom om morgonen. Eg ringte til elektrikarfirmaet og fekk bestillt skap, men det vart sikkert ikkje klart til bruk før ca. 14 dagar.

ByggeBolig.no