lørdag 25. oktober 2008

25.oktober, Action i havgapet

I dag har det verkeleg foregått uti havgapet. Klokka 11 i føremiddag ringte gamlebesten til oss med panikk i stemma; Septikktanken har blåst overende og ligg i vegen bort til Malvin.

Me vart sjølvsagt kjempestressa og fekk både Svigermor og onkel med oss utover for å redda tanken. Vel ute såg me at tanken hadde blåst så den låg oppned i vegen. Heldigvis var den ikkje så tung så onkel, svigermor og eg fekk flytta den i sikkerhet igjen og bardunert den fast.

Så langt alt vel og heile gjengen drog innover igjen for eg skulle selga Caravellen i eitt tida.
Så medan eg satt i bilen og forhandla med kjøparen ringte gamlebesten ein gong til med enno meir panikk i stemma; Eg har krasja bilen og treng hjelp med å få den heim.

Så det var berre å gjera seg ferdig med bilsalget og hiva seg avgårde utover igjen. Då me kom ut satt gamlefar i bilen som var godt knust i fronten og med begge framhjula punktert. Me fekk bytta hjula og køyrt bilen heim i garasjen igjen på eit vis, i 40km/t i frykt for at heilde driten skulle ramla frå kvarandre.

Så me var heima i 17 tida og fekk endeleg første måltid etter frukost i oss. Resten av kvelden skal tilbringast innomhus trygg for storm og regn.

Grunnmuren er enno eit steg nærare ferdigstillelse, forskalingssnekkaren har heldigvis sikra forskalingane godt mot vinden.

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden

ByggeBolig.no