04. april. Ferdig utvendig, plating innvendig.
No er huset ferdig utvendig, det manglar berre rekkverk på terassen.
Inne har både elektrikaren og røyrleggarane holdt på heile veka. Det ser ut som om dei har fått det meste på plass. Røyrleggarane har iallefall fått på plass alle røyr, boksar og begge skapa. Elektrikaren må leggje ut varmekablar i hovudetasjen( bad, wc og vaskerom) og montere skapa i teknisk rom.
Pipa kom på mandag og var ferdig montert på tysdag. dei skal montere beslag over tak og pusse resten av den.
Rommet til småen er ferdig plata (ein som hadde fagprøven sin der), ellers er dei ferdig å plate matboden og halveis ferdig i resten av etasjen. Neste veke skal dei montere litexen og plate ferdig hovudetasjen.
Meir bilete kjem når me ikkje må bruke mobilt breiband.

Småen inspiserar gipsplatene.




1 Kommentarer:
Det gikk jammen fort med dere når dere først fikk komme igang! Huset vårt er fremdeles ikke ferdig utvendig det (kommer ikke til å anbefale husfirmaet mer, nei).
Gøy å følge med dere:-)
Legg inn en kommentar
Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]
<< Startsiden