torsdag 17. april 2008

17.april . Fordømte entrepenør

Ringte til han som skulle grava og sprenga ut tomta vår. Sist me snakka med han sa han at han var klar i slutten av mai (frå rett etter påske), no kunne han ikkje starta før etter sommarferien.

Helsiken heller! Eg ringte til eit anna firma som skal komma på befaring i morgon. Håpar dei kan byrje tidlegare.

Det er visst ein ting me skal lære gjennom husbyggeprosjektet og det er at det er umogleg å stola på nokon.

Har og snakka med kommunen idag, og der sa dei at det ikkje var noko problem med å få forandra ansvarleg søkjar og slikt i byggjeløyvet.

Måtte og skriva klage på naboen sitt nabovarsel på ei flytebrygge som ligg i vegen for oss.

Kan verta utslitt av mindre, puh!!

1 Kommentarer:

Blogger Svein og Nette sa ...

Hei!

Leit å sjå at du ikkje får entreprenørane til å virke.

Et tips eg kan gje deg som vi har benytta oss av er å bruke kontrakter etter norsk standard. Dei har innlagde dagmulkter ut frå dei start og slutt datoene du set i kontrakten.

Dei fleste vil nok gå med på å signere på ei slik kontrakt. Om dei ikkje vil betyr det egentlig at dei ikkje har tenkt å stille til den datoen som de har vorte enige om.
Standarden heiter "NS8406:2006" med tilhørande blankett "NS8406:Kontraktsblankett"

Desse kan kjøpast for nokre hundrelappar på www.pronorm.no

Vi vil skrive ein slik kontrakt med alle som skal gjere arbeid på huset.

25. april 2008 kl. 07:12  

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden

ByggeBolig.no