søndag 11. mai 2008

9.mai. Ny entrepenør valgt.

I går fekk me tilbodet frå entrepenøren. Dette vart akkurat som forventa( og avtalt), så me ringte til dei og sa at dei fekk jobben. No er det berre å få nytt klarsignal frå kommunen så kunne dei starta gravinga med ein gong.


Dei skulle ringa til Norrøna hus for å få ordna med papirarbeidet.


Eg ringte til han som eigentleg skulle grava og sprenga for å sei at han berre kunne gløyma jobben. Han vart drittsur og sa at han kunne begynna no han og. Jækla merkeleg det når han ikkje kunne begynna før etter sommarferien sist eg snakka med han. Useriøst er det einaste ordet som passar her.


Gamlebesten og eg har vore borte på tomta og gjort det klart for å flytta straumkabelen til naboen.



0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden

ByggeBolig.no